fredag, september 15, 2006

Glede er å se livet gjennom en solstråle

Årets bursdag er over, og jeg er fornøyd. Jeg kommer til å skrive mer i morgen, nå er jeg helt utslitt etter at jeg har brukt bursdagskvelden min på å skrive stil som skal være ferdig i morgen.Jeg trodde ikke jeg skulle bli ferdig i kveld, så det er en lettelse. Så, fordi jeg ikke har fått tid til å skrive noe annet i dag, legger jeg ut stilen i steden.
Oppgaven lød som følger (veldig typisk skoleoppgave): Kva er glede? Kva gjer deg glad? Skriv eit essay eller kåseri (Jeg har aldri skrevet noe av det) der du tar opp desse spørsmåla.

Obsobs! Er på nynorsk. Dessuten funker ikke kursivknappen og resten av effektknappene som skulle gjort teksten mer flytende, menmen.




Glede er å sjå livet gjennom ei solstråle



Dersom ein spør seg sjølv kva glede er for noko, kan det hende ein får det vanskeleg med å svara i det same augeblink. Eg sit sjølv og tenkjar mykje på dette, når eg er glad prøver eg å kjenne etter; kva kjenner eg? Kvar i kroppen kan eg kjenne gleda? Kva er grunnen til gleda? Eg har det framleis vanskeleg med å svare på fleire av desse spørsmåla.

Eg slo opp ordet glede i ordboka:

”I glede f2 (norr gleði; av glad) det å vere glad; lykke(kjensle), lyst(kjensle), hugnad, frygd, velnøye ha g- av noko / kjenne, finne g- ved el. i noko / gråte av g- / alt var berre g- og gaman / gjere noko med (stor) g- / eg har den gleda å forkynne at ... / det er (meg) ei g- å ... / vere til g- for nokon / noko som skaper hugnad osv forkynne ei g- / livet har, byr på mange g-r / g-ne ved idrettslivet / barna er den største gleda vi har”

Eg tykte ikkje dette var ein god nok forklaring på kva glede verkeleg er.

Kvelden før den attande bursdagen min gleda eg meg til dagen etter. Eg var spent på korleis det ville verte å vera atten år. Eg hugsa på stiloppgåva eg enno ikkje hadde gjort, som hadde hengt over meg som ein svart skugge heile veka, eg visste ho måtte gjerast, og ho skulle vere om glede. Eg tykte nemleg det var vanskeleg å byrje på ei slik oppgåve, som skulle handle om glede, når eg berre syntest stilen var eit mørkt, udefinerbart element som hang over hovudet mitt og trykte meg ned kvar enn eg gjekk. Eg tenkte at no måtte eg utnytta situasjonen, og berre la vere å tenkje på stiloppgåva, og kjenner etter, korleis det er å gle seg til noko. Er det ein forskjell på "å gle seg" og "glede"; å "vere glad"?
Eg kjende "å gle seg" slik: Eg vart rastlaus, oppspilt, og eg hadde sommarfuglar i magen… I hovudet mitt vrimla det tankar om alt mogleg, eg lurte på om venene mine kom til å hugse bursdagen min, om foreldra og syskena mine kom til å stå opp tidsnok til å kunne syngje bursdagsangen og kome med kake og brus på senga. Eg vart rett sliten eg, av all undringa.
Men det var òg ei kjensle av forhåpning (noko eg for øvrig har lært at ein ikkje skal ha for mykje av, for då vert ein lett skuffa. ”Man skal aldri glede seg før dagen etter.” ). Men det er tross alt ei god kjensle.
Då eg vakna morgonen etter, kjende eg ei lette då eg høyrde mor mi si høge raust som song songen eg så sårt hadde ville høyre og hadde tenkt på kvelda før. Òg då eg kom på skulen og alle venene mine kom bort og gav meg ein klem, så tenkte eg at det hadde ikkje vore nødvendig å bekymre seg slik i førevegen. Dagen gjekk strålande, og på kvelden kjende eg at no, no kjenner eg ekte glede!
Eg kjenner glede slik: ro, velnøye, det er ei meiningsfull tilværing, og eg aksepterer at ting er som dei er, og slappar av.

Men glede kan jo koma av så mangt.

Det finnes en glede i livet
Som aldrig vendes til lede;
Det er at du gleder en annen,
Det er den eneste glede


Glede man deler med andre er dobbel glede. Dette er eit faktum. Glede kan ein ikkje halde for seg sjølv, det er svært smittsamt. Ein kan gje glede vidare gjennom eit smil eller ein berøring, ved ord eller musikk. Eg tykkjar sjølv at menneske i dag ikkje er flinke nok til å prøve å glede andre. Astrid Nøklebye seier i ressursheftet: ”I Noreg er vi dessverre lite flinke til å gi kvarandre klapp på skuldra.”

”Kvifor er folk så uglade? Dei gjeng og ventar si glede frå andre. Dei skulle sjølv glede andre, so vart dei glade.”

Nordmenn kan trygt vere glade. Det er ikkje kjent at ein nordmann av noko kjønn har døydd av glede dei siste tusen år.

Glede er noko meir eller mindre alle veit korleis kjens. Ein kan få glede i forskjellige utgåver, av forskjellig styrkegrad. Dei ”små gleder” er dei ein opplever heile tida gjennom kvardagen. Det kan til dømes vere å verte sendt eit smil eller kompliment frå nokon, eller å kunne sove så lenge ein vil, fordi ein har sommarferie. Desse gledene forandrar også liva våre, om berre litegrann.
Så har vi andre gleder, som kanskje påverkar oss meir, som å få ein ny ven, eller å få til noko ein aldri har greidd før.

For meg er glede når mamma kjem inn på rommet mitt medan eg gjer lekser og ser medlidande på meg og spør om ho skal hente eit glas brus til meg.
For meg er glede eit bankande hjarte fordi ein ser guten ein er avstandsforelska i, det er når ein sit stille på ei strand ein lys, rosa kveld, ei kjensle av sommarfuglar, som ikkje berre røyrer seg i magen, men som flyg vidare oppover i brystet, og ut i armar og bein. Glede er når ein får ein god karakter, som gjer at ein verkeleg gler seg til å opne matteboka og lese meir. Det er å vinne hundre kroner i lotto, og det er å sitje på café med ei venninne eller ven og prata om fast og laust.
Glede er å sjå på veslesyster som går til skulen og innsjå kor glad ein er i henne.

Glede er ansiktsuttrykket til bror min før han skal på speidarleir. Sjølvtilliten som stig til vers, hos ei venninne, når eg seier ho er fin i dag. Glede er når ein treff tona nøyaktig på gitaren, og håra i nakken reiser seg. Glede er å kike på stjernene i teleskopet og tenkjer at livet er vakkert. Når ein har sett ein god film og tenkjer; ja, denne var verdt tida.

Glede er når ein har gjort ferdig ein skulestil, og er nøgd med han.

5 kommentarer:

Anonym sa...

Utrolig bra!
For meg er glede de små tingene i hverdagen, en god kopp kaffe, godt brød og smil fra fremmede.

Anonym sa...

Så fint skrevet, vennen! Jeg fikk ikke underbitt når jeg leste nynorsk engang!

Anonym sa...

*fikser link*

BASilikum sa...

Hehe er ikke sånn overbegeistret for nynorsk jeg heller, men skal det først gjøres, så gjør jeg det skikkelig, finner de mest nynorske ordene som finnes.. Må imponere Siri, vettu..!

Takk for komplimenter!

Anonym sa...

Utrolig bra skreve.. likte den stilen :)

Du e flink *klemme*